Lustrabaatane AS er eit privat eig selskap som driftar ferjer og passasjerbåtar i Sognefjorden
I 2009 overtok dagens eigarar (Grete og Roger) selskapet som då heitte Hærum Trans AS, og drifta av ferja MF Urnes som trafikkerer heilårs-sambandet Solvorn-Ornes.
Sidan 2016 har Lustrabaatane AS drifta ferja MF Lustrafjord (tidlegare MF Odda og MF Fjærlandsfjord) i Nærøyfjorden der ho går mellom Flåm og Gudvangen i sommarmånadene. I 2017 og 2018 gjekk passasjerbåten MS Fjærlandsfjord (tidlegare MS Lady Anne) i Hardanger mellom Ulvik og Eidfjord om sommaren, og i tillegg fekk me på plass MS Klipperfjord 1 for å supplere rutetilbudet i Nærøyfjorden frå sesongen 2018.
Når Klipperfjord 1 kom på plass åpna det for å sette opp eit rutetilbud med bilførande ferje mellom Lærdal og Gudvangen, og første sesong på Lærdal vart såleis 2018-sesongen.
På nyåret 2019 overtok Lustrabaatane Norwegian Fjord Voyage og vil sesongen 2019 ha tre båtar i rutetrafikk i Nærøyfjorden. I tillegg til MF Lustrafjord og MS Klipperfjord 1 leiger me inn MS Showtime.
Lustrabaatane AS er ein liten organisasjon som har fokus på sikker og gradvis vekst. Me er fleksible og løysingsorienterte og bestrebar kontinuerleg utvikling og forbetring.