Fjord & Glacier Tour
Fjord & Bre dagstur
Avgang frå: Bergen, kl. 07:30 – kvar dag i sesongen. Varigheit: ca 12,5 timar t/r Bergen
Sesong: 20. mai- 30. sept. 2026
Pris 2026: Vaksen: NOK 2930,- Barn: NOK 1465,-
Opplev vakre Fjærland, Bøyabreen, utsiktspunktet Storesvingen, Hopperstad stavkyrke og Tvindefossen på denne spektakulære dagsturen frå Bergen.
Bli med på ei storslått dagsreise frå kystbyen Bergen til fjordbygda Vik – ei oppleving der historie, natur og lokalkunnskap smeltar saman. Med ein kunnskapsrik og forteljarglad sjåfør som guide får du eit levande innblikk i kultur og landskap undervegs.
Bestill her
Innhaldsrik buss-og båttur tur/retur Bergen
Bli med på ei storslått dagsreise frå kystbyen Bergen til fjordbygda Vik – ei oppleving der historie, natur og lokalkunnskap smeltar saman. Med ein kunnskapsrik og forteljarglad sjåfør som guide får du eit levande innblikk i kultur og landskap undervegs.
Turen startar utanfor turistinformasjonen i Bergen, og går med buss til Voss, over spektakulære Vikafjell til Vik, der fjorden ventar. Frå Vik cruisar vi gjennom Sognefjorden, Noregs djupaste og lengste fjord, og seglar inn i den fredelege Fjærlandsfjorden via Balestrand.
Om turen
Avreise: Turen startar kl. 07:30 frå Turistinformasjonen i Bergen sentrum.
Første stopp: Etter om lag 1,5 time tek vi ein kort pause i Voss for å plukke opp fleire reisande.
Tvindefossen: Rundt kl. 09:20 stoppar vi ved det imponerande fossefallet. Her finn du også ein suvenirbutikk.
Pause på Vinje: Kort stopp på bensinstasjon ved elva, eit magisk og fredeleg lite avbrekk, perfekt for ein kopp kaffi og ein tur på toalettet.
Vidare til fjells: Vi held fram over det spektakulære Vikafjellet, der snøflekkar ofte ligg att sjølv midt på sommaren, eit vakkert møte med fleire årstider.
Fotostopp: Om lag kl. 10:40 stoppar vi ved utsiktspunktet Storesvingen, med panoramautsikt ned mot den sjarmerande bygda Vik. Her kan du gå av bussen og ta bilete.
Framme i Vik: Her ventar ein båttur i nærleiken av breen, ei oppleving som tek deg tett på den mektige naturen i området.
Båttur til Fjærland. Vidare med buss til Bremuseeet og Bøyabreen.
Norsk Bremuseum. Når du kjem til Fjærland står ein skyttelbuss klar til å frakte deg vidare til Norsk Bremuseum. Dette er eit interaktivt museum for heile familien, der du får innsikt i isbrear og klima, formidla på nye og innovative måtar.
Bøyabreen. Frå Bremuseet går turen vidare opp til Bøyabreen, ein arm av Jostedalsbreen. Her får du høve til å sjå breen på nært hald, der han heng utover fjellsida.
Båt tilbake til Vik via Balestrand. Etterpå besøk på breen tek bussen deg tilbake til kaien og turen går i tilbake til Vik med båt.
Avreise frå Vik: Ca. kl 17:25 dreg vi vidare med buss frå Vik, med eit kort fotostopp ved den vakre Hopperstad stavkyrkje. Merk: vi går ikkje inn i kyrkja.
Retur til Bergen: Etter å ha sleppt av passasjerar i Voss, er vi tilbake i Bergen om lag kl. 20:35.
Bli med på dagstur frå:
Opplev Sognefjorden
Vi cruisar gjennom Sognefjorden, Noregs djupaste og lengste fjord, og seglar inn i den fredelege Fjærlandsfjorden. Denne fjordarmen strekkjer seg om lag 25 kilometer, omgjeve av mektige fjell på begge sider, og byr på noko av det mest storslåtte fjordlandskapet Noreg har å by på.
Lær om klima og bre
Når du kjem til Fjærland, ventar ein buss som tek deg til Norsk Bremuseum. Dette er eit interaktivt museum for heile familien, der du får innsikt i isbrear og klima, formidla på nye og innovative måtar.
Kom tett på isbreen
Frå Bremuseet går turen vidare opp til Bøyabreen, ein brearm frå Jostedalsbreen. Her får du høve til å sjå breen på nært hald, der han heng utover fjellsida.
Etterpå tek bussen deg tilbake til kaien der båten til Vik går.
Praktisk informasjon
All transport med buss og båt er inkludert i billetten, i tillegg til inngangsbillettar til bremuseet
Mat og drikke er ikkje inkludert. Det er kafé både på Bremuseet og ved Bøyabreen, og det er ein liten kafeteria om bord i båten.
Ta med varme klede, vêret kan skifte raskt i fjellet.
Hugs kamera, dette er ein tur med mange fotomoglegheiter!
Toalettstopp er lagt inn undervegs, men det kan vere betaling enkelte stader.
Kontaktinfo: tel.: +47 91 72 17 19 e-post: booking@glaciertour.no