Dagstur til Balestrand

ca. 12,5 timar frå Bergen

Dagstur til Balestrand frå Bergen

Avgang frå: Bergen, kl. 07:30 – kvar dag i sesongen. Varigheit: ca 12,5 timar t/r Bergen
Sesong: 20. mai- 30. sept. 2026
Pris 2026: Vaksen: NOK 1450,- Barn: NOK 725,-

Sjå dagstur frå Balestrand

Sjå dagstur frå Vik

Opplev den vakre fjord- og kunstbygda Balestrand på denne spektakulære dagsturen frå Bergen.

Balestrand er ei ekte norsk perle, kjent for fantastisk naturleg skjønnheit, og kulturelle attraksjonar som trehotellet Kviknes i sveitserstil og St. Olavskyrkja frå 1600-talet. Balestrand byr i tillegg på Norsk Reiselivsmuseum som fortel historia om korleis Noreg vart ein av verdas mest kjende destinasjonar, og lokale smaksopplevingar på t.d. Ciderhuset eller Bistroen på Kviknes.

Bestill her

Innhaldsrik buss-og båttur tur/retur Bergen

Turen startar utanfor turistinformasjonen i Bergen, og går med buss til Voss, over spektakulære Vikafjell til Vik, der fjorden ventar. Frå Vik cruisar vi gjennom Sognefjorden, Noregs djupaste og lengste fjord, og kjem fram til Balestrand kl. 11:50.

Om turen

  • Avreise: Turen startar kl. 07:30 frå Turistinformasjonen i Bergen sentrum.

  • Første stopp: Etter om lag 1,5 time tek vi ein kort pause i Voss for å plukke opp fleire reisande.

  • Tvindefossen: Rundt kl. 09:20 stoppar vi ved det imponerande fossefallet. Her finn du også ein suvenirbutikk.

  • Pause på Vinje: Kort stopp på bensinstasjon ved elva, eit magisk og fredeleg lite avbrekk, perfekt for ein kopp kaffi og ein tur på toalettet.

  • Vidare til fjells: Vi held fram over det spektakulære Vikafjellet, der snøflekkar ofte ligg att sjølv midt på sommaren, eit vakkert møte med fleire årstider.

  • Fotostopp: Om lag kl. 10:40 stoppar vi ved utsiktspunktet Storesvingen, med panoramautsikt ned mot den sjarmerande bygda Vik. Her kan du gå av bussen og ta bilete.

  • Framme i Vik: Her ventar ein båttur i nærleiken av breen, ei oppleving som tek deg tett på den mektige naturen i området.

  • Båttur til Balestrand, med ankomst ca. kl. 11:50..

  • Balestrand . Når du kjem til Balestrand har du nesten 5 timar til fri utforsking av bygda og attraksjonane der, t.d. Cidersmaking med lunsjplanke, Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium, St Olaf's Kyrkje m.m.

  • Båt tilbake til Vik. kl 16:50 går og turen går i tilbake til Vik frå kaien i Balestrand båt. Møt opp i god tid.

  • Avreise frå Vik: Ca. kl 17:25 dreg vi vidare med buss frå Vik, med eit kort fotostopp ved den vakre Hopperstad stavkyrkje. Merk: vi går ikkje inn i kyrkja.

  • Retur til Bergen: Etter å ha sleppt av passasjerar i Voss, er vi tilbake i Bergen om lag kl. 20:35.

Bli med på dagstur frå:

Opplev Sognefjorden

Vi cruisar gjennom Sognefjorden, Noregs djupaste og lengste fjord, og seglar inn i den fredelege Fjærlandsfjorden. Denne fjordarmen strekkjer seg om lag 25 kilometer, omgjeve av mektige fjell på begge sider, og byr på noko av det mest storslåtte fjordlandskapet Noreg har å by på.

Praktisk informasjon

  • All transport med buss og båt er inkludert i billetten

  • Mat og drikke er ikkje inkludert. Det er ein liten kafeeria om bord i båten, elles er det serveringsstader i Balestrand.

  • Ta med varme klede, vêret kan skifte raskt i fjellet.

  • Hugs kamera, dette er ein tur med mange fotomoglegheiter!

  • Toalettstopp er lagt inn undervegs, men det kan vere betaling enkelte stader.

  • Kontaktinfo: tel.: +47 91 72 17 19 e-post: booking@glaciertour.no