Fjord & Glacier – unike rundturar i Sognefjorden

Opplev det beste frå Sogn. Ønskjer du å oppleve Sognefjorden og sjå isbreen på nært hald må du bli med på rundturen Fjord & Glacier. Våre pakker kan reserverast med buss tur/retur Bergen eller Voss.

Info : Våren 2025 tok Lustrabaatane over eierskap og drift av rundturane frå Glaciertour AS.

Fjord & bre

Frå Bergen, Voss, Vik eller Balestrand.

Denne nydelege dagsturen inkluderer ei fantastisk båtreise frå Vik til Fjærland via Balestrand, der du får lære mer om breen på Norsk bremuseum, før du får sjå Bøyabreen på nært hald. Lat inntrykka synke inn mens båten tar deg tilbake til Vik.

Bussturen til Vik over Vikafjell startar i Bergen eller Voss, men det er også mogleg å hoppe på turen i Vik eller Balestrand. Bestill den rundturen som passar for deg!

Balestrand dagstur

Frå Bergen Voss eller Vik.

Båtturen startar i Vik og tar deg over fjorden til den vakre fjord- og kunstbygda Balestrand – ei ekte norsk perle, kjent for fantastisk naturleg skjønnheit, og kulturelle attraksjonar. Norsk Reiselivsmuseum fortel historia om korleis Noreg vart ein av verdas mest kjende destinasjonar, og på t.d. Ciderhuset eller Bistroen på Kviknes kan du nyte lokale smaksopplevingar.