Fjord og cider

Båtturen startar i Vik og går til Balestrand. Herfrå spaserer du ca. 1 kilometer til Ciderhuset, der du kan bestille guiding og smaking av eplesider. Her får du oppleve det sjarmerande, familieeigde Ciderhuset i Balestrand, vakkert plassert ved Sognefjorden.

Du kan også velje å reise frå Bergen eller Voss med buss til Vik.

Avgang frå: Vik
Varigheit: 6 timer
Sesong: 20. mai til 30. september
Pris for båtreise 2026:

Vaksen: NOK 550,- Barn: 225,-
Billettar til Ciderhuset må kjøpast separat.

Kjøp billett

Vel om du vil hoppe på båten i Vik - eller om du ønskjer å ta buss frå Bergen eller Voss.

Reis frå Bergen

Reis frå Voss

Reis frå Vik

Besøkstips:

Sidersmaking med lunsjplanke

Opplev smakane av Sogn med ei guida sidersmaking i ein økologisk frukthage ved fjorden – kombinert med ein nøye samansett lunsjplanke med fingermat. Dette er ei sanseleg og lærerik oppleving for deg som er glad i lokal mat, drikke og historie.

Dette får du vere med på:

  • Omvising i frukthagen
    Du startar opplevinga i den økologiske frukthagen ved Ciderhuset i Balestrand. Her lærer du korleis eple vert dyrka og kvifor klima, jordsmonn og det særeigne lyset ved Sognefjorden gjev frukta sin unike smak.

  • Formidling og innsikt
    Du møter eitt av familiemedlemma som driv Ciderhuset. Dei fortel korleis frukta blir foredla til sider, fruktvin og brennevin, og korleis dei lagar musserande sider etter same metode som vert brukt i Champagne.

  • Cidersmaking med fem stilartar
    Du får smake fem ulike siderar, frå lett, frisk "verandacider" til meir komplekse og tanninrike matcider. Her får du verkeleg oppdage at eple kan smake mykje meir enn berre eple!

  • Lunsjplanke med smårettar
    Til smakinga får du servert ein lunsjplanke med fem smårettar, kvar av dei tilpassa smaken på cideren den blir servert med. Her får du oppleve korleis mat og drikke spelar på lag.

  • Alkoholfritt alternativ er tilgjengeleg

Reserver billettar til Ciderhuset her –>

Det eldste epleområdet i Noreg

Sogn er det eldste epleområdet i Noreg, her har epletrea blomstra heilt sidan vikingtida.

På Ciderhuset får du smake sider av høg kvalitet og lære om sider, fruktvin og fruktbrennevin, servert med kunnskap og lidenskap frå eit av familiemedlemma bak produksjonen.