Glacier Tour frå Vik

ca. 7 timar

Avgang frå: Vik, kl. 11:00 – kvar dag i sesongen. Varigheit: ca. 7 timar t/r Vik–Fjærland
Sesong: 20. mai- 30. sept. 2026
Pris 2026: Vaksen: NOK 1680,- Barn: NOK 840,-

Utforsk dagstur frå Bergen

Utforsk dagstur frå Balestrand

Fjord & Glacier Tour frå Vik

Opplev vakre Fjærland, Norsk Bremuseum og Bøyabreen med denne guida turen frå Vik via Balestrand med båt. Turen inkluderer transfer med buss i Fjærland og varer ca. 7 timar med retur til Vik i Sogn.

Bli med på ei guida fjord- og bre-reise frå Vik til Fjærland – ei oppleving der historie, natur og lokalkunnskap smeltar saman.

Bestill her

Båt tur/retur Vik

Turen startar på frå kaien i Vik, og går med båt, ca. 2 time og 20 minutt via Balestrand og innover den fredelege Fjærlandsfjorden. Busstransfer til museum og utsiktspunkt til breen er inkludert.

Om turen

  • Avreise: kl. 11:00 frå kaien i Vik. Møt opp 15 minutt før

  • Båttur til Fjærland, via Balestrand (kl. 11:50) med ankomst Fjærland ca. 13:10

  • Norsk Bremuseum. Når du kjem til Fjærland står ein skyttelbuss klar til å frakte deg vidare til Norsk Bremuseum. Dette er eit interaktivt museum for heile familien, der du får innsikt i isbrear og klima, formidla på nye og innovative måtar.

  • Bøyabreen. Frå Bremuseet går turen vidare opp til Bøyabreen, ein arm av Jostedalsbreen. Her får du høve til å sjå breen på nært hald, der han heng utover fjellsida.

  • Båt tilbake til Vik kl. 15:30 frå Fjærland. Etter besøk på breen tek bussen deg tilbake til kaien, og turen går i tilbake til Vik. Ankomst Vik blir ca. 17:30.

Bli med på Glacier Tour frå:

Opplev Sognefjorden

Vi cruisar gjennom Sognefjorden, Noregs djupaste og lengste fjord, og seglar inn i den fredelege Fjærlandsfjorden. Denne fjordarmen strekkjer seg om lag 25 kilometer, omgjeve av mektige fjell på begge sider, og byr på noko av det mest storslåtte fjordlandskapet Noreg har å by på.

Lær om klima og bre

Når du kjem til Fjærland, ventar ein buss som tek deg til Norsk Bremuseum. Dette er eit interaktivt museum for heile familien, der du får innsikt i isbrear og klima, formidla på nye og innovative måtar.

Kom tett på isbreen

Frå Bremuseet går turen vidare opp til Bøyabreen, ein brearm frå Jostedalsbreen. Her får du høve til å sjå breen på nært hald, der han heng utover fjellsida.

Etterpå tek bussen deg tilbake til kaien der båten til Vik går.

Praktisk informasjon

  • All transport med buss og båt er inkludert i billetten, i tillegg til inngangsbillettar til bremuseet

  • Mat og drikke er ikkje inkludert. Det er kafé både på Bremuseet og ved Bøyabreen, og det er ein liten kafeteria om bord i båten.

  • Hugs kamera, dette er ein tur med mange fotomoglegheiter!

  • Kontaktinfo: tel.: +47 91 72 17 19 e-post: booking@glaciertour.no