Glacier Tour frå Vik
ca. 7 timar
Avgang frå: Vik, kl. 11:00 – kvar dag i sesongen. Varigheit: ca. 7 timar t/r Vik–Fjærland
Sesong: 20. mai- 30. sept. 2026
Pris 2026: Vaksen: NOK 1680,- Barn: NOK 840,-
Fjord & Glacier Tour frå Vik
Opplev vakre Fjærland, Norsk Bremuseum og Bøyabreen med denne guida turen frå Vik via Balestrand med båt. Turen inkluderer transfer med buss i Fjærland og varer ca. 7 timar med retur til Vik i Sogn.
Bli med på ei guida fjord- og bre-reise frå Vik til Fjærland – ei oppleving der historie, natur og lokalkunnskap smeltar saman.
Bestill her
Båt tur/retur Vik
Turen startar på frå kaien i Vik, og går med båt, ca. 2 time og 20 minutt via Balestrand og innover den fredelege Fjærlandsfjorden. Busstransfer til museum og utsiktspunkt til breen er inkludert.
Om turen
Avreise: kl. 11:00 frå kaien i Vik. Møt opp 15 minutt før
Båttur til Fjærland, via Balestrand (kl. 11:50) med ankomst Fjærland ca. 13:10
Norsk Bremuseum. Når du kjem til Fjærland står ein skyttelbuss klar til å frakte deg vidare til Norsk Bremuseum. Dette er eit interaktivt museum for heile familien, der du får innsikt i isbrear og klima, formidla på nye og innovative måtar.
Bøyabreen. Frå Bremuseet går turen vidare opp til Bøyabreen, ein arm av Jostedalsbreen. Her får du høve til å sjå breen på nært hald, der han heng utover fjellsida.
Båt tilbake til Vik kl. 15:30 frå Fjærland. Etter besøk på breen tek bussen deg tilbake til kaien, og turen går i tilbake til Vik. Ankomst Vik blir ca. 17:30.
Bli med på Glacier Tour frå:
Opplev Sognefjorden
Vi cruisar gjennom Sognefjorden, Noregs djupaste og lengste fjord, og seglar inn i den fredelege Fjærlandsfjorden. Denne fjordarmen strekkjer seg om lag 25 kilometer, omgjeve av mektige fjell på begge sider, og byr på noko av det mest storslåtte fjordlandskapet Noreg har å by på.
Lær om klima og bre
Når du kjem til Fjærland, ventar ein buss som tek deg til Norsk Bremuseum. Dette er eit interaktivt museum for heile familien, der du får innsikt i isbrear og klima, formidla på nye og innovative måtar.
Kom tett på isbreen
Frå Bremuseet går turen vidare opp til Bøyabreen, ein brearm frå Jostedalsbreen. Her får du høve til å sjå breen på nært hald, der han heng utover fjellsida.
Etterpå tek bussen deg tilbake til kaien der båten til Vik går.
Praktisk informasjon
All transport med buss og båt er inkludert i billetten, i tillegg til inngangsbillettar til bremuseet
Mat og drikke er ikkje inkludert. Det er kafé både på Bremuseet og ved Bøyabreen, og det er ein liten kafeteria om bord i båten.
Hugs kamera, dette er ein tur med mange fotomoglegheiter!
Kontaktinfo: tel.: +47 91 72 17 19 e-post: booking@glaciertour.no